Onsdag 6. november 2019
Det Norske Teatret
Lazarus

Dato: Onsdag 6. november 2018
Pris: kr 750,- som dekker buss og konsert
Sted: Det Norske Teatret
Avgang: Fra Østfoldhallen (v/Elias) kl. 17.00. Fra Biblioteket kl.17.30.
Turleder: Nina Oksmo E-post: nina.lill.oksmo@fredfiber.net – Mob.: 926 48 051

AV DAVID BOWIE OG ENDA WALSH

Ei av David Bowies siste gåver til fansen. Basert på filmen The man who fell to earth, med 18 av dei finaste låtane til Bowie.

På same tid som David Bowie arbeidde med avskjedsalbumet sitt Blackstar, skreiv han saman med Enda Walsh musikalen som hadde premiere i New York knappe to månadar før popikonet gjekk bort. Med Lazarus trekker han ein musikalske boge frå Blackstar tilbake til den musikalske starten og den skakke science-fiction-filmen The man who fell to earth, der Bowie sjølv spelte hovudrolla i 1976.

På scena står sterke namn som Pål Christian Eggen, Heidi Gjermundsen Broch, Lasse Kolsrud og Joachim Rafaelsen. Regien er ved Anders T. Andersen.

POETISK SCIENCE FICTION

Thomas Newton, ein utanomjordisk karakter, er sendt til jorda for å leite etter vatn til den uttørka planeten han kjem frå. I møte med det umenneskelege blant dei jordiske, knekk han saman. 40 år seinare er han framleis på jorda, dømt til evig liv og forsøker å drukne spøkelsa frå fortida i gin. Dette lykkast han ikkje med, og medan han lengtar etter forløysing, vekslar han mellom verkelegheita og sinnsforvirring. Det handlar om kjærleik og tap av kjærleik, om einsemd og om å kjenne seg framand. Han møter unge jenter, lengtande kvinner og slue menn, men det heile går berre føre seg i sinnet til Newton sjølv. Lazarus er ein poetisk lengt etter døden – med følge av 18 sterke låtar frå Bowies rike katalog.

Print Friendly, PDF & Email