Søndag 29. september 2024
Det Norske Teatret
Spynorsk. The Musical

Tid: Søndag 29. september 2024 kl. 16.00
Sted: Det Norske Teatret
Pris: 850,-
Avreise: Fra Østfoldhallen (v/Elias) kl. 13.10 Fra Biblioteket kl. 13.30
Turleder: Ellen Treimo E-post: ellen@treimo.no Telefon: 90 64 11 12

Påmelding: HER

Ein ny musikal om demokrati, språk, pågangsmot, vaflar og draumar, og ikkje minst om Ivar Aasen, i splitter nytt og nokså uvant superheltlys.

Vi er i året 2042, der folket, etter årevis med skjerm i skolen og upålitelege politikarar, har mista gnist, glød, håp og draumar for framtida. I dette trøyttsame universet snublar ei ung kvinne over ei gamal pappeske med bøker, mellom anna ein biografi om Ivar Aasen. Kvinna – med namnet Aase Ivarsen – kjempar seg gjennom innleiinga og dei første sidene, og blir djupt imponert over det ukuelege pågangsmotet og dei skyhøge ambisjonane til den sjenerte, vestnorske språkforskaren. Utan å ha lese boka ferdig set Aase seg føre sjølv å dra i gang eit liknande prosjekt, for å vekke folket frå likegyldigheitas tunge døs. Dermed er det duka for tidenes roadtrip, med ein svært uortodoks versjon av Ivar Aasen på slep.

Det er ei dystopisk framtid Are Kalvø diktar fram. I eit samfunn der ingen lenger engasjerer seg i noko som helst blir det nokså lett for hovudpersonen Aase Ivarsen å bli ei leiestjerne. Men kva er det eigentleg ho leier folk mot? Og korleis er hennar eige forhold til sanninga?

Print Friendly, PDF & Email