Onsdag 12. mars 2025
Europavisjonar
Det Norske Teatret
Tid: Ondag 12. mars 2025
Arrangement: Europavisjonar på Det Norsk Teater
Pris: kr 940,-
Avreise: Fra Østfoldhallen (v/Elias) kl. 16.00. Fra Biblioteket kl. 16.20
Turleder: Ellen Treimo. E-post: ellen@treimo.no. SMS 90 64 11 12
Påmeldingsfrist: 13. januar 2025
Påmelding: HER
Kva skjer når Vladimir Putin, Angela Merkel, Boris Johnson og ei rekke andre gyv laus på kjente Eurovision-hits, og syng seg gjennom 35 år med europeisk historie? Kven har den beste visjonen for Europa? Det er det sjølvsagt du i publikum som bestemmer!
Velkommen til den viktigaste songkonkurransen i historia: Europavisjonar! På scenen står dei mest sentrale politikarane frå 1989 til i dag. Storbritannia, Russland, NATO, EU, ytre høgre og mange fleire gir deg sine visjonar pakka inn i raffe rytmar, funklande paljettar og deilige dansenummer. Dei bruker stemma si i jakta på stemma di! Og dei gjer det med songar frå Eurovision Song Contest, i ny språkleg drakt du aldri har høyrt før!
Kva for visjon vil du stemme på? Vekst, shopping og kapitalisme? Opprusting og maktbalanse? Eller kva med EUs tunge byråkrati? Bli med og stem!
Med kjærleik for Eurovision
Bak manus og regi står Simen Formo Hay, Oda Radoor og Johan Hveem Maurud. I 2023 sette Formo Hay og Radoor i scene Døden på Oslo S på Økernsenteret for Nationaltheatret. Framsyninga fekk Heddaprisen for «Årets teaterforestilling».
Maurud og Formo Hay er store Eurovision-fans. Dei står mellom anna bak humorshowet EuroISHion, ein fiktiv Eurovision-finale der mellom anna Mordor, Narnia og Legoland stiller med songar.
Det blir show!
I 2025 tek dei Eurovision-entusiasmen inn på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Med eit stort ensemble og kunstnarleg lag skal dei no kople Europas nyare historie opp mot Eurovision Song Contest i ein songkonkurranse med skarp politisk brodd, der humor og djup alvor går opp i ei høgare eining. Berlinmurens fall, 90-åras marknadsliberalisme, finanskrise, flyktningkrise, krig og fred. Alt presentert i eit energisk show, gjennom musikknummer med song, dans, triks og overdådige kostyme!
Inviterer til europeisk slektstreff
– Det er ei misforståing at Eurovision er ein musikkonkurranse. Det er meir ein konkurranse i å lage det mest minneverdige augeblikket, seier Simen Formo Hay. Les meir
Europavisjonar
Det Norske Teatret