Søndag 7. november 2021
Det Norske Teatret
Slåttekar i himmelen

Dato: Søndag 7. november 2021

Sted: Det Norske Teatret
Avgang:. Fra Biblioteket kl.12.15. Fra Østfoldhallen (v/Elias) kl. 12.00
Turleder: Nina Oksmo E-post: nina.lill.oksmo@fredfiber.net – Mob.: 92 64 80 51

Før forestillingen serveres det lunsj i Cafe Løve i teatret: Andeconfit samt kaffe/macron

Pris: kr 1 100,-

FØRSTE BOKA OM SLÅTTEKAREN BLIR TEATER

Etter Edvard Hoems slektsroman. Handlingen er basert på den første boken i serien som følger Nesje-slekten fra Norge til Amerika; et stykke norsk historie om menneskelig livskraft, mot, tvil og håp.
Med Jon Bleikelie Devik og Heidi Gjermundsen Broch, regi ved Bentein Baardson.

Nesje, eller slåttekaren som han blir kalla, er enkemann og har ein son å ta seg av. Han finn kjærleiken på ny med Serianna, ei kvinne som røyker pipe og får Nesje med på seifiske. Gjennom eit liv med hardt arbeid og store val, blir ungeflokken større. Kvardagen er eit slit for å skaffe familien eit verdig liv, som hos så mange småkårsfolk langs Romsdalsfjorden. Draumen om ein ny start gjer at mange vel å selje ut, bryte opp og setje kursen over til det lova landet i vest. Gjertine, søstera til Serianna, drøymer om å dra, sjølv om ho er berre ungjenta. Det begynner å kome brev frå utvandrarar som fortel om ein frodig, men også ugjestmild prærie som skal bli til gardsbruk og heim.

Teaterframsyninga er basert på den første romanen i serien som følgjer Nesje-slekta frå Rekneslia i Molde til prærien i Amerika. Ei forteljing som ikkje berre er ei skildring av forfedrane til Edvard Hoem, men også eit stykke norsk historie. Dei fire bøkene i slektskrønika om slåttekaren: Slåttekar i himmelen, Bror min på prærien, Land ingen har sett og Liv andre har levd har hatt eit opplag på over 300 000 bøker og vunne ein stor lesarskare. Bentein Baardson har regien på Slåttekar i himmelen, ei oppgåve han ser på som ei stor utfordring. – Eg gler meg og kjenner ærefrykt i møte med slåttekaren, seier regissøren.

Slåttekar i himmelen er ein samproduksjon med Teatret Vårt i Molde. Kristian Lykkeslet Strømskag skal dramatisere romanen. Arne Nøst har scenografien, medan Ingrid Nylander har ansvar for kostyma. Urpremieren er 7. mars 2020 på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Premieren på Teatret Vårt er 15. august 2020. Framsyninga skal på turné 9 stader i Møre og Romsdal.

Teaterframsyninga er basert på den første romanen i serien som følgjer Nesje-slekta frå Rekneslia i Molde til prærien i Amerika. Ei forteljing som ikkje berre er ei skildring av forfedrane til Edvard Hoem, men også eit stykke norsk historie. Dei fire bøkene i slektskrønika om slåttekaren: Slåttekar i himmelen, Bror min på prærien, Land ingen har sett og Liv andre har levd har hatt eit opplag på over 300 000 bøker og vunne ein stor lesarskare. Bentein Baardson har regien på Slåttekar i himmelen, ei oppgåve han ser på som ei stor utfordring. – Eg gler meg og kjenner ærefrykt i møte med slåttekaren, seier regissøren.

Print Friendly, PDF & Email