Lørdag 4. februar 2023
Kristin Lavransdatter
Kransen, Husfrue og Korset
Det Norske Teatret
Tid: Lørdag 4. februar 2023
Sted: Det Norske Teatret
Pris: kr 1 000,-
Bussavgang: Fra Østfoldhallen Syd v/Elias kl. 09.40. Fra Biblioteket kl. 10.00
Arr.ansvarlig: Nina Lill Oksmo. E-post: nina.lill.oksmo@fredfiber.net
Påmelding: PÅMELDING HER
Det er lurt å ta med matpakke! Dersom du bestiller mattilbudet via teateret, må du regne med å stå i kø.
Sigrid Undsets storverk Kristin Lavransdotter tek for seg livet til Kristin frå ho er 6-7 år og til ho døyr i slutten av førtiåra. Det er ei historie spekka med dramatikk, heit kjærleik, drap, familiekonfliktar, intrigar, ekteskapsutfordringar, hardt slit og eksistensiell og religiøs grunning over meininga med livet. Det som rammar inn heile forteljinga, er kjærleiken til Erlend Nikolausson.
Kransen
Den forbodne kjærleiken. Lidenskap, løyndomar og fridomslengt.
Kransen innleier storverket om Kristin Lavransdotter, som veks opp i Gudbransdalen midt på 1300-talet. I denne første historia blir ei av dei sterkaste kjærleiksskildringane i norsk litteratur måla ut.
Her får vi innblikk i Kristin sitt nære forhold til faren, og hennar oppvekst og ungdom på heimgarden Jørundgard. Som barn er ho bestevenn med naboguten Arne, som er av lågare stand. Kristin ser på Arne som ein leikekamerat, men han har eit anna syn på forholdet enn det ho har, viser det seg. Kristin blir lova bort til Simon, sonen på den andre nabogarden, som er av ei god slekt.
Kristin er ung og har mykje tvil rundt giftarmålet. Når ho i tillegg blir utsett for eit valdteksforsøk av barnebarnet til presten, som så drep Arne når han vil forsvare æra hennar, får ho innvilga eit opphald i Nonneseter kloster i Oslo for å unngå bygdesladderet. Her møter ho den vakre og sjarmerande riddaren Erlend Nikolausson. Han, på si side, har alt to «uekte» barn med ei anna kvinne, så det er fullt av komplikasjonar. Kristin og Erlend innleier eit syndeleg og lidenskapeleg forhold, og Kristin set seg opp mot familiens vilje. Ho vil gifte seg med Erlend. Konflikten utløyser tankar hos foreldra hennar rundt deira eige ekteskap, eit ekteskap tufta meir på fornuftstenking enn kjærleik. Kristin får til slutt viljen sin og giftar seg med Erlend. Da ber ho alt barnet hans i magen, men det veit ikkje Erlend.
Husfrue
Den strevsame kjærleiken. Brystspreng, kvardagsslit og svik.
Med livet som innsats føder Kristin sin første son, og med barnet på barmen må Kristin gå botsgang for det syndige viset sonen deira kom til verda og for korleis ekteskapet med Erlend blei innleia. Deretter dreg Kristin og Erlend til storgarden hans Husaby. Garden har meir eller mindre gått for lut og kaldt vatn i årevis, og Kristin får eit svare strev med å sette garden i stand. Kristin føder i alt sju søner. Erlend er stadig bortreist, så ho er aleine med både barnestell og gardsstell. Den unge veslesøstera til Kristin, Ramborg, giftar seg med mannen som opphavleg Kristin skulle ha gifta seg med, Simon Darre. Men Simon vil aldri komme til å gløyme Kristin.
Forholdet til både foreldrar, bonus-barn, eigne barn og til Erlend blir sett på sterke prøvar. Det blir ikkje betre av at Erlend innleier eit forhold til ei gift kvinne og viklar seg inn i eit politisk opprør som får alvorlege konsekvensar både for han og familien. Erlend hamnar i fengsel, og Simon må bruke mykje tid, trekke i utallige trådar og brenne mange bruer for å få han sett fri.
Korset
Den forsonande kjærleiken. Alderdom, begjær og tilgjeving.
Korset avsluttar historia om Kristin og Erlend og det konfliktfylte samlivet deira. Kristin og Erlend har flytt til Kristin sin gard, Jørundgard, etter at Erlend mista garden Husaby i samband med dei politiske intrigane han var involvert i. Erlend viser inga interesse for eller evner til gardsarbeid, og Kristin held fram med å slite for å få endane til å møtast. Det blir til brot mellom dei to svogarane Erlend og Simon, og dette blir tungt å bere for dei to søstrene Kristin og Ramborg. Simon har heller aldri mista kjenslene han har for Kristin, og dette gjer også foroldet mellom Kristin og Ramborg ytterlegare komplisert.
Erlend og Kristins ekteskap held fram med å vere konflliktfylt. Han er mest oppteken av jakt og villmarksliv, og flyttar til fjellgarden Haugen etter ein opprivande og ærleg krangel med Kristin. Her døyr han i ein vill kamp for å redde Kristin si ære.
Kristin gir garden til sonen Gaute, og blir tatt opp som leksøster i Rein kloster på Fosen. Endeleg finn ho fred og kan leggje bak seg den livslange striden med seg sjølv og Gud, som vart innleia da ho trassa foreldra sine som ung jente.
Ein ny skremmande pest bryt ut, og Kristin prøver i sine siste levedagar å hjelpe menneska rundt seg. Denne gode gjerninga gjer ho for å sone for syndene ho meiner å ha begått i livet, og for å søke tilgjeving hos Gud. Til sist blir også Kristin smitta, og på dødsleiet ser ho samanhengen mellom det jordiske livet og forholdet til Gud. Teiknet ser ho som avtrykket etter gifteringen og under denne, som eit lite riss etter Jomfru Marias heilage namneteikn, bokstaven M. Pakta som Gud hadde halde ho i, kjærleiken som var aust over henne og som trass i eigenviljen hadde blitt i henne, gjer at Kristin ved livets slutt veit at ho heile vegen var eigd av den herren som no kjem for å hente henne.
Anmeldelser:
NRK
Aftenposten
Kristin Lavransdatter
Kransen, Husfrue og Korset
Det Norske Teatret