13. februar 2019
Peer Gynt med Toralv Maurstad

Dato: Onsdag 13. februar 2019
Pris: kr 700,- som dekker buss og konsert
Sted: Det Norske Teatret
Avgang: Fra Østfoldhallen (v/Elias) kl. 17.00. Fra Biblioteket kl.17.30.
Turleder: Nina Oksmo
E-post: nina.lill.oksmo@fredfiber.net – Mob.: 926 48 051

Peer Gynt er ved vegs ende. Han er sliten, medtatt og trøytt. Ferda gjennom livet har gitt mange oppturar, og enda fleire nedturar. Han har vore storkar og briska seg ute i verda. Møtt alle slags folk og skapningar, levd eit sjølvsentrert, vilt og engasjert liv.

Peer ville vekk – vekk frå Noreg, men mest av alt, vekk frå seg sjølv. Han ville skape seg om, utfalde seg, bli rik, han ville forbruke og han ville nyte. Men mot slutten av livet vender han heim, tydeleg merka av erfaringane han har gjort seg. No må han stå til rette for sitt eige liv. Kven var han eigentleg? Og toler livet hans møtet med Knappestøyparen?

Toralv Maurstad gir i denne versjonen av Ibsens storverk liv til den gamle Peer. I sitt siste og endelege oppgjer, er dette ein Peer som ser tilbake på det livet han har levd. Publikum blir dregne med i ein minnestraum frå dei mørkaste kroker i fortida. Ei lang rad ulike minne dukkar opp. Det er som om Peer blar fram og tilbake i sitt eige fotoalbum, der eit heilt liv blir bretta ut og framkalla. Fram stig historier, møte og erkjenningar som blir spelt av eit stort ensemble på 14 skodespelarar.

PEER OG KNAPPESTØYPAREN

Erik Ulfsby som har regien, ønskjer i denne versjonen å ta utgangspunkt i møtet mellom Peer Gynt og Knappestøyparen i siste akt. Peer undrar på kva som var meininga med det heile, og får til svar at det burde han hatt ei viss aning om. Blant dei som ikkje har det, finn nemleg djevelen sine lettaste bytte. Det er med ein fot over avgrunnen at Peer må halde dommedag over seg sjølv.

– Eg høyrde Toralv i sigersrusen etter utdelinga av Heddaprisen i fjor seie at han ville stå på scenen til dei måtte bere han av brettet. Det slo meg som ein utruleg gyntsk replikk, seier Erik Ulfsby om valet av Maurstad i rolla som Peer Gynt. – I tillegg er det jo slik at Toralv på mange vis ber den norske Peer Gynt-tradisjonen på akslene. Slik far hans også gjorde. No kan han møte teksten med all den visdom og all den glede og smerte eit langt liv fører med seg, seier Ulfsby.

Print Friendly, PDF & Email